Who is Framtidsbonden, and what is the future for Norwegian agriculture?

NRK Brennpunkt has made a documentary that deals with the farmer of the future and whether there is an alternative to today's agricultural policy. 

Gårdar vert lagt ned, matproduksjonen fell og Noreg er i ferd med å gro att. Kva er framtida for norsk landbruk?
— http://www.nrk.no/framtidsbonden-1.12797758

Hanne Lykkja anbefalar dykk dette programmet! Her har NRK m.a. vore på besøk hjå bøndene i Lenk i Simmental, som viser korleis dei  brukar stadeigne ressursar og utviklar ei mengd ulike produkt. Dette har mykje med lokalsamfunnsutvikling og besøksforvaltning å gjere. 

Sveits vert trekt fram som eit land som liknar på Noreg, med høge fjell, korte sumarar og eit frodig, men karrig landskap. Der satsar dei no på fjellbonden som framtida for sveitsisk landbruk. Hanne har hatt fleire studieturar til Sveits i lag med Norske parkar og kjenner både dette området og liknande ysteri og meieri godt. Me snakkar framleis om å få til ein ny studietur dit for dei som er knytt til verdsarvområda og verdsarvstiftingane i Geiranger- og Nærøyfjordområdet.  

Er du interessert? 

 

I tillegg til å sjå sjølve dokumentaren, NRK-Brennpunkt "Framtidsbonden".  (Dokumentaren vert tilgjengeleg frå 16.02.2016 kl. 15.00)

Bør du òg lesa denne artikkelen, Nrk-Brennpunkt "Austlandet tek over norsk matproduksjon"

NRK-Brennpunkt har òg laga til den mobildokumentar om FRamtidbonden, den finn dykk her. 

 

Previous
Previous

The jury has spoken, the winner of the photo competition "Living with the World Heritage" is......

Next
Next

The National Antiquary allows NOK. NOK 3,750,000 for the restoration of D/S "Stavenes" in 2016.