Invitasjon til innspel til ny handlingsplan!

Arbeidet med neste års handlingsplan for stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark (NVP) skal setjast i gang, med frist for innspel sett til søndag 11. oktober.

NVP sine årlege handlingsplanar er resultat av ein prosess som fleire aktørar har høve til å medvirke i. Det er NVP sine tilsette, formelle partnarar og andre sentrale samarbeidsaktørar, samt stiftarane (kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss, og Vestland fylkeskommune) som har høve til å kome med innspel til handlingsplanen. Utkast til ny plan blir lagt fram for styret på slutten av året til handsaming og endeleg vedtak. Den nye handlingsplanen vert då gjeldande frå 01. januar og styrande for NVP sitt arbeid det året den gjeld for.

Innhaldet i handlingsplanen skal vere forankra i NVP sine vedtekter, Parkplan (strategiplanen), Forvaltningsplanen for Vestnorsk fjordlandskap-delområde Nærøyfjorden og andre styringsdokument som er sentrale og styrande for stiftinga sitt arbeid med bevaring og brei, berekraftig verdiskaping i Nærøyfjorden Verdsarvpark som region.

Merk at NVP handsamar revidert Parkplan i desember d.å. Etter alt å dømme blir hovudsatsingsområda i ny Parkplan den komande 10-årsperioden: Eige, Bevare og Skape.

Eige: Bidra til forankring, eigarskap og engasjement for dei unike natur- og kulturverdiar i Verdsarvparken. Bevare: Bidra til ivaretaking naturen og kulturarv i Verdsarvparken Skape: Fremje brei, berekraftig verdskaping.

I vurdering av innspela til neste års handlingsplan, vert det elles lagt vekt på fylgjande:

- Innspel med skildring av innhaldet i prosjektet, inkl. føremål og organisering, samt framdriftsplan. Innspel utan budsjett vert ikkje teke med i handlingsplanen!

- Tiltak og prosjekt som byggjer på samarbeid mellom fleire

- Styret sine føringar om at NVP skal prioritere færre og større prosjekt framfor mange små, samt prosjekt som fremjer forankring, omdømme- og merkevarebygging, og næringsretta utvikling basert på natur- og kulturverdiane i verdsarvområdet med omland.

- Styret sine føringar om prioiritering av tiltak og prosjekt som styrkar drifta av NVP.

- Vidareføring av NVP sine eigne faste oppgåver og større satsingar og prosjekt.

Innspel kan enten sendast digitalt eller pr vanleg brev innan 11. oktober til:

E-post: post@verdsarvparken.no

Postadr.: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland

På nettsiden under “Organisasjon” kan du/dykk finne Nærøyfjorden Verdsarvpark sine styringsdokument.

Next
Next

Breovervaking i Vestnorsk fjordlandskap