Breovervaking i Vestnorsk fjordlandskap

🧊 Korleis endrar breane seg over tid?

Denne hausten startar Vestnorsk fjordlandskap arbeidet med ein ny rapportserie om overvaking av breane i Nærøyfjord- og Geirangerfjordområdet. Målet er å følgje breane tettare gjennom årlege målingar av brefrontane – og på den måten dokumentere korleis dei endrar seg over tid.

Sist veke var gjengen i felt i både Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Geolog Maiken tok turen til Fresvikbreen frå Jordalen, med drone og måleband i sekken. 📏🚁

Med drone vart delar av bretunga kartlagde, og det vart gjort målingar av brefronten. Desse målingane skal vi forhåpentlegvis kunne gjenta frå same stad dei komande åra. Då kan vi sjå kor mykje brefronten flyttar seg – og få eit bilete av korleis breen utviklar seg.

Arbeidet er eit samarbeid med Atle Nesje frå Universitetet i Bergen.

📸 Følg med framover – dei neste månadane kjem den første rapporten!

Next
Next

Summary of the trip in Aurlandsdalen on Sunday, August 23rd