Bygningsvernrådgjevar

Foto: Henning A. Hellebust

Joakim Heltne er Musea i Sogn og Fjordane sin første bygningsvernrådgjevar. Han skal gje råd til huseigarar om kva dei kan gjere med sine gamle eller verneverdige bygg.

Han er nyutdanna arkitekt, og kjem nesten direkte frå København, der han tok utdanninga si. Han tok spesialisering innan kulturarv, transformasjon og restaurering.

Her kan du lese meir om Joakim og om den nyoppretta stillinga som han har byrja i.

Joakim Heltne skal gje råd til eigarar av verneverdige og eldre bygg. Som den første i denne rolla i Musea i Sogn og Fjordane, vil oppstartsperioden innebere å lage rutinar og råmer for arbeidet. Når dette er avklara vil interessentar finne ei nettside med meir konkret informasjon om tilbodet og korleis dei kan få best mogeleg utbyte av tenesta.

Sjølv om ikkje alle føresetnader for stillinga er klar, kontakt han gjerne!

Telefon: 90 86 10 48, e-post: joahel@misf.no

Next
Next

Støtte frå 50 Degrees North