Vinnardikta frå støldagen
2.september kunne små og store vere med på ein ekta stølsdag på Langhuso. Dei som møtte opp hadde ein flotte dag, og mange deltok i diktkonkurransen.
No har Anna Elise Borlaug og Linn-Janette Underdal Skarsbø kåra vinnardikta frå stølsdagen! Dette var ei vanskeleg oppgåve, for mange gode dikt kom inn og me takkar alle som deltok.
Det var delt 1. plass og kvar av vinnarlaga får ei tjuke kvar, og får premien ved å kontakte "juryen" direkte. (linnskarsbo@hotmail.co.uk). Me gratulerer vinnarane!