Heisann og hoppsann, og fallerallera!
No har hausten vippa over til vinter og da nærma seg JUL (!!) med stormsteg. Vinter og førjulstid kan vere fint, men november er for det meste ganske mørk og trist, og gjer at mange av oss mimrar attende til fine turar på lyse sommarkveldar og til dei vakre haustfargane i fjellet.
Me inviterer difor til førjulskonkurranse!
Er du litt som oss, som likar å vandre i naturen og ta bilete? Har du mange fine turbilete i albumet ditt? Del ditt finaste turminne på Instagram eller Facebook slik at andre kan få sjå og nyte ditt finaste blinkskot. Bruk emneknaggane #vandringogverdiskaping , #nærøyfjordenverdsarvpark og/eller #naroyfjordenworldheritagepark innan 19.desember.
Dei 3 finaste minna vert premiert med ei lita julegåve frå verdsarvparken!