Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator – Stiftinga Nærøyfjorden verdsarvpark
Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane.
Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider.
Lokale handverkstradisjonar og lokale råvarer som vert foredla her er verdiskaping av finaste sort.
Med verdsarvstatus og fleire verdifulle verneområde er naturen her ekstra viktig å ta vare på.
Kombinasjonen av den unike naturarven, menneska sitt liv i landskapet og folk sitt engasjement for at vi skal ha gode, sterke lokalsamfunn, er det som særpregar området.
Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008.
Føremålet er å drive samfunns- og næringsutvikling.
Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur.
Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar med verdsarv som kvalitetsplattform.
Vil du vere med og utvikle eitt av dei mest spektakulære verdsarvområda i verda?
Nærøyfjorden verdsarvpark søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som vil vere med å styrkje samspelet mellom vern og verdiskaping i lokalsamfunna rundt fjorden.
Me søkjer ein leiar som kan kombinere strategisk utviklingsarbeid med praktisk gjennomføring, og som evnar å byggje sterke partnarskap på tvers av kommunar, næringsliv, grunneigarar og offentleg forvaltning.
Verdsarvparken står framfor eit viktig utviklingssteg gjennom arbeidet med autorisasjon som verdsarvsenter.
Dagleg leiar vil ha ei sentral rolle i å bygge verdsarvparken vidare.
Om stillinga
Som dagleg leiar og verdsarvkoordinator får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av verdsarvparken.
Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen.
Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid.
Arbeidsoppgåver
Leiing av den daglege drifta av verdsarvparken
Oppfølging og vidareutvikling av parkplan og strategiar
Personalansvar for tilsette og prosjektmedarbeidarar
Budsjettansvar og økonomistyring
Byggje og vidareutvikle samarbeid med kommunar, verksemder, organisasjonar, grunneigarar og lokalsamfunn
Søkje finansiering og forvalte tilskotsmidlar
Synleggjere verdsarvparken gjennom formidling, kommunikasjon og profilering
Arbeide for berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv
Samarbeid med stiftingar og Norges verdensarv
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning
Erfaring med samarbeid og nettverksbygging
God forståing for samspelet mellom vern, næringsutvikling og lokalsamfunn
Gode leiareigenskapar og god økonomiforståing
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ein fordel med:
Kjennskap til offentleg forvaltning og tilskotsordningar
Erfaring med søknadsarbeid og finansiering
Kjennskap til regionen og verdsarvområdet
Personlege eigenskapar
Du er ein tydeleg og motiverande leiar
Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter
Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
Du arbeider strukturert og sjølvstendig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit internasjonalt verdsarvområde
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom vern og utvikling
Moglegheit til å påverke utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv i regionen
Eit engasjert fagmiljø og breitt samarbeid med regionale aktørar
Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
Søknadsfrist 20.november
Kontaktperson Audun Mo telefon 99205006 - Audun.mo@laerdal.kommune.no
Søknad til: Audun.mo@laerdal.kommune.no