FJORD//FORSK går av stabelen igjen, kor det som alltid er fokus på formidling av forsking og kunnskap om og for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Velkomen!
TEMA
Introduksjon til faunaen i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.
PROGRAM
14:00-14:30
- Kultursalen opnar, mogleg å kjøpe mat og drikke på Laksen kafé i same bygg
14:30-15:00
- Velkomen til FJORD//FORSK v/ Gry Mørk, verdsarvkoordinator og dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark
- Nytt frå forskingsfronten i Vestnorsk fjordlandskap, introduksjon til nyoppstarta breovervaking, v/ Else Ragni Yttredal, kunnskaps- og forskingskoordinator, og Maiken Minde, geolog og prosjektleiar i verdsarvparken
15:00-16:00
- Faunaen i Nærøyfjorden - truslar og utvikling. v/ Gunnar Bergo, tidl. forskar og miljøvernsjef
- Tid til spørsmål
16:00-16:15
- Pause med enkel servering
16:15-17:00
- Villrein – korleis ser framtida ut? (Digitalt) v/ Linda Herfindal Lien, kommunikasjonsrådgjevar villrein og verneområde, Statsforvaltaren i Vestland
- Tid til spørsmål
Størstedelen av den europeiske villreinen lever i Noreg, blant anna i det vestnorske fjordlandskapet. Villreinen er nær truga og ein art me har eit særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på. Styresmaktene har sett i verk fleire tiltak for å betre livsvilkåra for villreinen. Nokre villreinområde har fått tiltaksplanar, og det er oppretta eigne stillingar for formidling. Ei av desse stillingane er plassert i Aurland. Er det håp for framtida til villreinen – nomaden i fjellet?
17:00-17:30
Introduksjon til livet i vassdraga, v/ namn vert kunngjort fortløpande
Me avsluttar i god tid for å rekke stenging av Lærdalstunnelen.
Entrance fee: 100,-, payable at the door.
(Subject to change)
Foto: Gunnar Bergo