Opening of exhibition in the school building on Bakka

The old schoolhouse on Bakka has been given a new lease of life. It is now filled with an exhibition about the people who live and has lived in the area, and we are proud to be able to show part one of this exhibition. This is the result of good cooperation between the municipality, the village council, the conservation area management and Nærøyfjorden World Heritage Park.

Dette vesle bygget rommar hjarta til grenda Bakka. Her har ungane gått på skule, lært å lese, skrive og rekne. Her har dei forma venskap, leika, krangla og slåss. Her har dei vaksne kome saman til fest og til alvor. Det har vore samlingspunktet.

Alle som har budd her, og dei som bur her no, er glade i dette huset, og har sine eigne minner frå det. Dei er framleis opptekne av at dette skal vere eit levande bygg – at det framleis skal vere eit møtepunkt.

Laurdag 15.juni var det mange som fann vegen til grenda Bakka. Der var det opning av utstilling inne i det gamle skulehuset.

Magnus Øydvin spelte for oss, David Underdal opna feiringa. Erling Oppheim heldt tale, og Svein Tufte klypte snora og opna sjølve utstillinga. Snædis delte ut blomar til gode hjelparar.

Etterpå var det kaffi, marsipankake og frukt ute på skuleplassen - og til ogmed sola vart med på markeringa! Godt humør, god stemning, minner og historiar summa over plassen.

Takk til alle som kom og gjorde feiringa så fin!

Skulehuset er opent kvar dag kl 10.00-18.00.

Du er hjarteleg velkomen til å kome på beøk!

Previous
Previous

New partner in Verdsarvparken

Next
Next

Press release from the World Heritage Council