Mangesyslaren - Voss Herad
In early October, excited students from Vossestrand School gathered at Stalheim. The base for the day was Stalheim Museum - Tønneberg's collections. Here they were to meet Gry and Gro from Nærøyfjorden World Heritage Park on the “Mangesyslaren” project. In addition, they were lucky enough to have three beautiful ladies from Voss Husflidslag providing knowledge and equipment.
In connection with the Cultural Remembrance Days, Nærøyfjorden World Heritage Park developed a program for grades 3-4 where the focus is on reuse, being able to repair, being handy, and being able to utilize our resources. In close collaboration with partners and the schools in Lærdal municipality, the students learn about history, construction techniques, the use of wood to make darning mushrooms, about wool and how it is processed into yarn. And then they get to try to darn a hole with darning mushrooms and yarn.
Først gjekk elevane ein runde på museet med Gry, der ho fortalde om nokre av bygningane. Kva dei hadde vorte brukte til, kven som hadde budd i dei og om byggeteknikkar. Soga om Fante Nils var noko som engasjerte dei.
I den gamle skulestova fekk elevane lære om trevirke, og korleis Edvin Flåm frå Undredal hadde laga til stoppesoppane som elevane fekk. Dei måtte ferdigstille produktet, pusse det fint, slik at det var klart til neste stasjon.
Inne på Låven var den andre stasjonen. Her fortalte damene frå Voss Husflidslag om ull, om karding og spinning. Elevane fekk prøve seg på karding, og så lage små englar av den karda ulla.
Det var mykje å fylgje med på, og mykje nytt arbeid små hender skulle prøve seg på - og konsentrasjonen var høg! Dermed vart det også viktig å få seg ein skikkeleg matabete etterkvart. På kjøkenet putra det i fleire panner….
Havregraut til heile gjengen - då treng ein smørauga. Og smøret, ja det laga elevane sjølve!
Etter ein god matpause var det klart for nye utfordringar. No skulle stoppesoppen kome til nytte, for her skulle ein prøve seg på stopping. Elevane hadde med seg ulike plagg som dei skulle reparere. Og med god help frå dei vaksne vart nålene tredde og kunsten å stoppe hol vart testa ut.
Til slutt var det oppgåveløysing - ein liten repetisjon av alt dei hadde høyrt og sett - og så avslutta me dagen med forteljing. Gro las frå boka Pers nye klær av Elsa Beskow. Det var blide små og store som takka fint for seg før dei vende heimover. Me takkar elevar og lærarar frå Vossestrand skule for ein kjekke dag!
Me vil takke Stalheim Hotell ved Trygve Dugstad for at me fekk vere på museet. Ei stor takk til dei tre flotte damene frå Voss Husflidslag som hjalp oss, og til Edvin Flåm som laga stoppesoppar.